Det hender at foreldra ikkje vil ha hjelpetiltak som barnevernstenesta i kommunen tilbyr. Barnevernstenesta må då vanlegvis respektera meininga deira. For nokon typar hjelpetiltak kan likevel barnevernstenesta velja å be nemnda om å pålegga foreldra hjelpetiltak. Dette gjeld mellom anna for hjelpetiltaka plass i barnehage og tilsyn i heimen.
Vilkåra for å fatta vedtak om tvungne hjelpetiltak varierer, avhengig av kva type hjelpetiltak det gjeld, men det skal relativt mykje til. Til dømes kan nemnda berre fatta vedtak om tvunge tilsyn, dersom dei svært strenge vilkåra for omsorgsovertaking er oppfylte. Dersom nemnda fattar vedtak om tvungne hjelpetiltak, kan ikkje foreldra lenger nekta å motta dei.
Stortinget endra den 7. august 2015 barnevernslova, slik at fleire typar hjelpetiltak kan påtvinges foreldra. Når denne lovendringa tredde i kraft vart òg vilkåra for å fatta vedtak om tvungne hjelpetiltak mindre strenge. Lovendringa tredde i kraft den 1. april 2016.