Etter konvensjonen har barn mellom anna rett til liv, rett til ikkje å bli diskriminert og rett til ytringsfridom. Barn har òg rett til ikkje å bli skild frå foreldra sine, med mindre det er nødvendig fordi barnet til dømes blir utsett for omsorgssvikt. Staten har plikt til å sikra at barnet får det vernet og omsorg som er nødvendig for trivselen og utviklinga dets.

I konvensjonen er det òg fastsett at barnets beste skal vera eit grunnleggjande omsyn ved alle handlingar som omhandlar barn. Dessutan har barn rett til å bli høyrd og til å kunna gi uttrykk for meininga si i alle forhold som omhandlar barnet.

Noreg har slutta seg til barnekonvensjonen og den gjeld som norsk lov. Når konvensjonen vart innført i Noreg vart det gjort endringar i mange norske lover. Dersom det likevel skulle vera motstrid mellom Barnekonvensjonen og norsk lov skal Barnekonvensjonen alltid gå føre.