Dersom nokon utset sin psykiske eller fysiske helse for fare ved omfattande og vedvarande rusmisbruk, kan fylkesnemnda bestemma at dei skal plasserast på ein eigna institusjon i opptil 3 månader mot sin vilje. Eit slikt tvangsvedtak kan berre treffast dersom frivillige hjelpetiltak, til dømes oppfølging frå rustenesta i kommunen eller frivillig institusjonsbehandling, ikkje er tilstrekkeleg. Fylkesnemnda må òg gjera ei skjønnsmessig heilskapsvurdering av om tvangsinnlegging er rimeleg og formålstenleg.

Bestemmelsen er meint for dei sterkt belasta misbrukerne. I følgje forarbeida i lova er det "ikkje grunn til å bruka ho med mindre det konkret er grunn til å tru at ein gjennom ein periode på inntil 3 månader kan klara å gjera noko som på sikt har positiv tyding for klienten."