For å gjera det enkelt å finna data om barnevernsfeltet, samlar og publiserer Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) barnevernsstatistikk frå fleire aktørar på nettsidene sine. Barneverns- og helsenemnda samarbeider med Bufdir om publisering av statistikk som omhandlar tvangsvedtak etter barnevernslova.

Fleire av Statistikkane frå barneverns- og helsenemnda som tidlegare berre vart publiserte i årsrapporten, er no også tilgjengelege på Bufdir nettsider om statistikk.

Skrollar du nedover til overskrifta Barn med tvangsvedtak finn du statistikk om:

Etter kvart vil du også finna statistikk om plassering i institusjon utan samtykke.

Dersom du har behov for statistikk som ikkje er tilgjengeleg på Bufdir nettsider, eller på Statistisk sentralbyrås nettsider, kan du senda ein førespurnad til Sentralenheten@bvhn.no.